Appell om transhelsetilbudet, 3.2.23
Denne appellen ble holdt av leder, Jane-Victorius, under demonstrasjonen «Transskrik: for Esben Esther og verdig helsetilbud for transpersoner», Oslo, 3.2.2023
Når eg var ung, så visste eg tidleg at eg ikkje var som dei andre. Det var ei kjensle djupt i kroppen. Medan dei andre var jenter eller guter, og var i ro med det, passa eg ikkje inn. Men eg måtte langt inn i ungdomsåra for å ha eit ordforråd for det. Å finne ut at eg er trans var som å kome heim. Ting var på plass.
Men sjølv om eg visste at eg var trans, så var det og ein sorg i det. Helsesystemet er ikkje rusta for oss. Riksen kom ikkje til å gjeve meg hjelp – noko helsepersonell kring meg visste, og sa til meg. Eg flytta, og fekk til slutt hjelp; tilgang på hormonar. Og eg er utruleg takksam for HKS, og for Esben Esther, som gjorde lot meg vere meg.
For under eit år sidan stod me her på grunn av tilsynssaka mot HKS, og no står me her fordi Esben Esther har mista lisensen sin. Det er noko så urettferdig med å vere annanrangs borgar fordi ein lege tok feil når du var nokre minutt gamal. For så å måtte kjempe mot eit helsetilbod som ikkje tek høgd for individet, som ikkje følgjer verken nasjonale eller internasjonale retningslinjar, og som nektar samarbeid med aktørar som faktisk høyrer på pasientgruppa.
Det er så urettferdig at me må kjempe mot eit system som ikkje verker. At våre kroppar og liv blir politiske. At vår eksistens blir polariserande. At dei med makt, som pratar om å gjere systemet betre, inviterar inn aktørar som fornektar oss. At me ikkje kan klage, fordi når me gjer det, er det og ein politisk kampanje.
Helsetilbodet til transfolk i Noreg er heilt bak mål. Det offentlege behandlingstilbudet har store manglar, og Rikshospitalet er portvoktar. Til trass for at me i åresvis har prata om uetisk praksis, misbruk av forskning, lav kompetanse, og mangel på respekt for pasientane, har det ikkje skjedd noko. Over 90 klagar på 3 år er ikkje nok til å sette dei under granskning.
Det må skje endringar NO!