Trugsmål mot armenske transaktivistar
Skeiv Ungdom er djupt urolege for situasjonen til transaktivistar i Armenia.
President i Right Side NGO, Lilith Martirosyan, haldt ein historisk tale i den armenske nasjonalforsamlinga 5. April, i samband med transsynlegheitsdagen. Talen vart utsett for offentleg fordømming av politiske og religiøse leiarar, og i etterkant har ho og resten av staben i Right Side NGO fått personleg kontaktinformasjon publisert i media, noko som har resultert i trugsmål på livet.
Skeiv Ungdom ber den armenske staten ta tryggleiken til transaktivistar på alvor, og slutter seg til krava TGEU – Transgender Europe fremja i si pressemelding om saka. Les meir her: https://tgeu.org/tgeu-press-statement-protect-trans-rights-activists-in-armenia/